torsdag 5. februar 2009

3. Gruppemøte på Skype 05.02.2009

Sekretær: Marita

Desse møtte på 3. Skypemøte: Marita, Kristin, Helene, Grethe

Nytt møte: Fredag 6. feb 2009 kl 19.00

Kristin fortel litt om mobbing på nett som ho har erfart som lærar. Ho meinar at skulane har ulik praksis på korleis angripe dette problemet. Kan det vere ein idè å lage felles retningslinje/reglar for alle skulane i kommuna. Til dømes eit aktivt samtykkeskjema? Spør ho.

Ho meinar som lærar at føresette veit for lite om kva borna deira driv på med på Internett.

Eit av spørsmåla i debatten: Korleis førebygge digital mobbing?

I debattprogrammet skal vi presentere ei rolle: Det vart føreslått dette:

Rollefordeling:

Kristin: Lærar

Anders: programleiar

Grethe: Elev

Helene: Professor innan mediedanning med doktorgrad/fordjuping i barn og unge sine digitale vanar/ oppførsel på nett

Marita: Mor, Føresette representerer bornet sitt som har vorte utsett for digital mobbing.


Om debatten: Tema: Mobbing, trygg bruk av nett (personvern, opphavsrett, respekt, SMART-reglane o.l. vert baka inn der det passar å nemne desse emna i debatten).

I første del av debatten er skal Professor og lærar vere med

2. del av debattprogrammet: Mor og elev kjem inn i programmet etter reklamepausa.

Kristin forlater oss 20.19

Arbeidsoppgåve til Marita: Lage eit nytt dokument - eit manus som viser gangen i podcasten med replikkar.


Konkretisering:

Vi har avgrensa temaet til å gjelde berre mobbing, generelle ting om trygg bruk av nett vert presentert innimellom mobbetema-problematikken. Etter pausa kjem bornet/eleven og mor inn i debatten.


Arbeidsoppgåver til alle på gruppa:

  • Kom med forslag til kva scene vi skal vise frå traileren. Tittel o.l.Gjerne prøv å skriv nokon replikkar. Idèar o.l. skriv de ned under avsnitt 8.
  • Musikkeffektar (det er føreslått å bruke kontrabass-gongen til Marita), i tillegg bør vi finne jingle-materiale til bruk som effektar.
  • Skrive gode spørsmål og svar inn i manusdokumentet - er dele med alle...
  • Prøv òg å skrive litt på den skriftlege oppgåva som skal leverast inn...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar